Skoletur

Unionstida
(1536 - 1814)

 

Arbeid før museumsbesøket

Trass i underordninga under Danmark, vart dansketida ei oppgangstid med nye næringar, auka handel og styrka kontakt med utlandet. Folketalet vart seksdobla i dei gode tidene, frå ca. 150 000 i år 1500 til 880 000 i 1801. Det var mangel på dyrka jord, talet på husmenn auka. Ei ny gruppe embetsmenn og storborgarar voks fram.Dei vart etterkvart leiande i kampen for norsk sjølvstende.

 

Næringsgrunnlaget

Jordbruk, skogbruk og fiskeutvikla seg mykje frå slutten av 1700-talet: Nye reiskapar og dyrkingsmåtar forbetra jordbruket. Poteten kom i bruk under Napoleonskrigane. Sager drivne av vasskraft (oppgangssag) arbeidde raskt og utnytta tømmeret godt. Arbeidarane var ofte husmenn som gjorde pliktarbeid i skogen. Tørrfisk var ei viktig eksportvare, og frå 1730 vart produksjonen av klippfisk større.

 

Kva ser du i utstillinga?

  1. Studer oppgangssaga. Korleis verkar ho?
  2. Korleis var denne saga ein stor fordel for utnyttinga av tømmeret?
  3. Kva gruppe i samfunnet arbeidde som skogsarbeidarar?
  4. Om du kunne slå av ein prat med tømmerhoggaren, kva trur du han ville fortalt deg om arbeidet og familien sin?
  5. Sjå på veggmåleriet: Kva slags skip vart tømmeret frakta på? Kvar gjekk lasta?
  6. Når du tenkjer tilbake på husa du har sett tidlegare i utstillinga - korleis har husbygginga forandra seg nå?

 

Oppgåver til etterarbeid

  1. Dansketida blir ofte kalla Den firehundreårige natta. I ein tekst i utstillinga står det at det var ei livleg natt. Korleis kan dette forklarast? Finn eksempel!
  2. Vel eit område som betydde mykje for økonomisk oppgang i Noreg i dansketida, bruk hjelpelitteratur og finn ut meir om det! (t.d. bergverk, skogsdrift/tømmereksport, jarnstøyping, glasproduskjon.)